Wednesday, April 2, 2008

Mysteriet om liket på Bondi Beach

På Bondi Beach kan ein finne mykje rart. Ein finn kjempegode surfarar, mindre gode surfarar, barn, vaksne, joggarar og til og med gravide damer som driv med yoga. Og eit lik, trudde vi iallefall...
Det begynte ganske uskyldig med at vi lagde harte, stjernar og anna koseleg dilldall i sanden ved hjelp av både fingrar og sandalar. Mindre kosleg var det då der plutseleg dukka opp eit hår, og endå eit, og endå eit, heilt til ein heil lokk av langt, svart, krøllete hår låg framme i dagen, og det som endå verre var, lokken lot til å sitje fast i noko... Deretter oppstod diskusjonen, kva var dette? Kunne det vere noko så sensasjonelt som eit lik? På sjølvaste Bondi Beach? Ikkje visste vi, og nokre var meir enn rimeleg skeptiske til å finne det ut. Men etter litt fram og tilbake, samt eit og anna mindre eller høgre hyl greip den minst lettskremte av oss tak i ein sandal og gravde så sanden dreiv heilt til det siste hylet var skreke og sanninga kom fram. Det var berre ein stor hårdott...

No comments: