Wednesday, April 2, 2008

Reiseanbefaling: Koh Rok

Stad: Skal du reisa til Thailand og områda rundt Phuket og Krabi, anbefalar eg ein utflukt til den verna øya Koh Rok. Frå Krabi kjører du buss i to timar før du går ombord på ein båt som og tar to timar. På vegen ut kan du nyte det fine landskapet og slikke sol på dekk. Guidane på båten passar på at du får både mat, frukt og nok drikke. Det første som slår deg når du går i land på Koh Rok er kor vakkert det er. Ei kvit nydeleg sandstrand med bølgebrus. Det minnar deg om filmar som ”six days & seven nights” med Harrison Ford og den norske spelefilmen om den unge sjømannen Håkon Håkonsen som strandar på ei aude øy.

Mat og bomoglegheitar: På øya er det telt du kan sove i, det einaste som var negativt med det var det harde underlaget. Etter to dagar kjenner du det i ryggen. Guidane sørger for frokost, lunsj og middag.

Aktivitetar: På Koh Rok er det veldig fint å snorkle, byggje sandslott, bade utforska jungelen eller berre slappe av med ei bok i skuggen.

No comments: